Snille mannen! Også litt om bussjåfører.

Categories B opplevelser og hverdagsliv

Kantinemannen er snill!

Hver gang kantina har vaffler, og jeg kjøper noen, så får jeg en gratis. I går prøvde han å gi meg et eple gratis også. Han tar helt av! Men, er fornøyd i dag, med kakao, og to vaffler (en gratis).. Nammenamm! Kommer godt med når jeg skriver kåseri om bussjåfører i norsken…Tror jeg legger det inn her, selv om det ikke akkurat er det beste jeg har skrevet… Beklager at det er på nynorsk, men sånn er livet noen ganger:)

 

Oppgåve 9-Skriv eit Kåseri om ei yrkesgruppe.

Eit meiningsfylt liv.

Ein bussjåfør, ein bussjåfør, det er ein mann med godt humør, heiter det seg i songen. Vel, det er ikkje mi erfaring. Rullande, trillande og einsformig. Utlendingar blanda saman med folk frå dei lågare samfunnslag. Dei som ikkje fann seg noko betre. Dei som ikkje fann seg noko meir meiningsfylt.  

Det hender jo at det skjer noko. Eit uskyldig samanstøyt med nokre hushjørne i dei tronge svingane på Roligheten, eller med autovernet som alltid har det med å hoppe omsynslaust utover i vegen. Det hender jo og at ein elg visar seg utpå jordene, eller at eit stakkars piggsvin blir knust til potetmos av dei farlege hjula.

Vanlegvis er det bare køyring. Fram og tilbake, fram og tilbake med drittunger som omtrent hopper strikk i bussen på veg til skolen, ungdom som nektar å flytte beina sine i frå det allereie skitne bussetet med spor etter spy, vaksne folk som pratar i telefonen som om målet var at alle menneske utanfor bussen skulle høyre kvar minste detalj av samtalen, og  så dei gamle damene som ikkje heilt veit kvar dei skal.

?Å, jaså, du er bussjåfør,? seier forretningsmannen som verkeleg ikkje er vandt til å køyre buss. Han blei tvungen til ein slik fornedring i siste augeblikk då bilen streika akkurat den dagen han skulle ha eit viktig møte i byen. ?Er du kanskje ein sånnein polakk og, du!?

Når ein er bussjåfør er det ganske viktig å vere tålmodig. Viss ikkje, bør du ha ein svært dårleg ande. Du må ha ein viss reaksjonsevne og. Ta for eksempel i går! Då skulle bussen stoppe for å sleppe av eit par bråkete ungdomar ved ein innkøyrsel, og akkurat då hoppa ein galen mann ut av garasjen, rett føre bussen. Bussjåføren, som sjølvsagt var ein polakk, bråbremsa så sekkane, strikketøyet, og veskene fløyg framover, og han tuta vilt med hornet. Til slutt stoppa han ein dry meter føre kollegaen som tydeleg var berusa. Heldigvis hadde denne polakken reaksjonsevne.

Trass at dei ofte er ganske stille og tilbaketrekte, er det nokon bussjåførar som er litt sånn som songen seier. Vanlegvis godt humør, og alt det. Sjølvsagt kan alle få nok, slik som den gongen vi, etter tur, ringte med stoppebjella utan at nokon skulle ut. Etter fleire unødige stopp kom polakken bak, og sa med ein nifs, truande stemme; ?UT!? ?Alle saman!? Eg, som hadde våre alt for feig til å ringe, fikk nesten panikk, og visste ikkje kvar eg skulle gjøre meg hen. Kunne jo ikkje gå av bussen fleire mil heimafrå utan fleire bussar som gikk den dagen, og antakeleg kilometervis i frå sivilisasjon. Eg peip noko om at ?Det var ikkje meg!? og han trampa heldigvis tilbake til rattet, og vi rulla vidare. Etter ein del nervøs knising i bakseta bestemde vi oss for å ikkje ringe meir i dag.

På tross av det einsformige livet ein bussjåfør må uthalde, så fins det jo verre jobbar. Om man tenker så det knakar i hjernebarken, så kan man jo sjå ein meining med det heile: Nokon må jo plent køyre buss. Bussjåførar har faktisk våre liv i sine hender. Busser er eit miljøvenleg alternativ til bil, og du slepp å få nervøse samanbrot fordi du har isolert deg i frå samfunnet, og plutseleg finn deg sjølv sittande og spela ?World Of Warcraft? i trettiåra heime hos mor di med eit om lag 10cm langt skjegg med matrestar i. Kva om bussjåførane likar å vere bussjåførar? Nei, kven veit. Kanskje eg skal spørje ei gong.

Hva synes du?

Jeg liker konstruktiv kritikk!

Det er ikke skjelden vi setter oss fast et sted på heia om vinteren..Her stod vi i ca 2 timer..

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *